søndag 18. november 2012

Dei prøver seg i år att

Husverten min - Byggplan Eiendom AS - har sendt meg ein faktura for halvparten av renovasjons-avgifta til asylsøkjarane (?) ovanpå. Det motsette hadde vel vore meir naturleg, sidan dei har det med å fylle min brune dunk med plastposar. (Vel, anten det, eller så er det endå einkvan annan som fyller begge våre dunkar med plastposar. Eg har ikkje faktisk sett dei gjere det. Men det virkar unekteleg litt fjernkulturelt.)

Eg er ikkje sikker på om deira vatn og kloakkavgift er i fakturaen min og. Må sjekke dette med kommunen først. Dei prøvde å fakturere meg nokre tusen for mykje sist år og.

Med litt hell kjem dette vesle innlegget opp når den neste leigetakaren her søkjer etter "Byggplan Eiendom Mandal", så dei veit kva dei går til.

onsdag 10. oktober 2012

Fjernkultur

Klokka halv to om natta er ei fin tid å samlast på soverommet og rope av full hals på arabisk (?) ei stund..

søndag 17. juli 2011

Kor dum eg var då

Det er eit familiehusvære eg leiger her, og det er garderobeskåp både her og der i dei to store soveromma. Men ikkje nok for alle kleda mine. Vel, eg kan nok få stabla inn det meste om eg legg lag på lag, men ikkje alt.

Dette er etter at eg kasta ein sekk med gamle klede då eg skulle flytte...  skjorter som vanta ein knapp eller to, plagg det var slite hol i.  Før det hadde eg kjøpt noko slikt som to plagg på ti år, og kasta meir. Så det er ofselege mengder av klede eg har drege med meg frå heim til heim. Enno har eg nok til eit par tiår til av det aller meste.

For ein tosk eg var då eg var ung! Skal tru om eg vil sei det same om den eg no er, om eg lever 10-20 år til?

torsdag 14. juli 2011

NextGenTel har god tid - har du?

Fekk nett melding frå dei om at montør kjem 20. September. Ringde kundeservice som stadfesta at dette er normalt. Nettsida deira seier 2-3 veker, ikkje månader, so det var litt overraskande. Tenkte det kunne vere greitt å vite for andre som er på flyttefot i sommar.

"NextGenTel - for deg som har god tid!"

onsdag 13. juli 2011

Flytting

Eg har nett flytt frå Møll til Mandal, om lag fem minutt å gå frå rutebilstasjonen.

Huset eg før leigde vart selt, etter di ein ven av eigaren ynskte å byggje ein praktbustad på tomta.

Eg leiger no fyrste høgda i eit større hus, so bustadflata er berre lite mindre. Det er eit godt høve til å kvitte meg med ting eg ikkje har bruk for lenger. Og eg vil gjere meg endå mindre enn som so, i dagane som kjem. Eg har framleis altfor mykje bagasje frå ei tid då eg hadde betre utsikt men lite innsikt.

måndag 9. mai 2011

Å leve i ei engelsk verd

Eg abonnerer på to strøymingstenester for musikk, Svekling og Gjere flekkete.

Dette lagar ikkje nokon sans. Seier eg derimot streaming, Wimp og Spotify, så skjønar i alle fall unge folk kva eg meinar.

Og slik, bit for bit, ord for ord, flyttar tanken vår inn i eit nytt språk. Eg høyrer det på jobb, eg høyrer det på bussen. Eit ord her og eit ord der. Velkomen etter!

Vonar de alle har ein fin 17. mai, om ikkje vi snakkest før!


laurdag 15. mai 2010

Astma?



Jobben mine er brukarstøtte for programvare og maskinvare. Arbeidet har endra seg litt etter kvart, og etter den siste store omorganiseringa arbeider eg i ei avdeling som får ein god del telefonar. Dette har eg måtta be meg friteken for - for det meste, sjølv om eg hjelper til dersom det er mangel på folk.

Som de veit snakkar eg nesten aldri privat. Dette er eg godt nøgd med. Mange år i denne verda har synt meg at det er sant som det står skrive: "Der det er mange ord, vantar det ikkje på synd." Det meste av det menneska seier er anten "sladder eller sludder". Men når eg no skulle snakke med kundane på jobben, vart eg sår i halsen etter berre nokre minutt kvar dag. Difor gjekk eg til fastlækjaren og fekk der ei tilvising til spesialist.

No den 10. var eg hos øyre-nase-hals spesialisten. Etter vi hadde snakka ei lita stund, sa han at det var ikkje halsen min som var problemet, men måten eg snakka på. Eg snakka altfor lenge på utpusten, sa han. Fordi det ikkje passerte nok luft over røystbanda når eg snakka, måtte eg strame dei meir for å få nok lyd. Dette var grunnen til vanskane mine. Eg kunne gå til ein logoped og lære meg å snakke på rette måten, men det var i seg sjølv mistenkjeleg at eg ikkje pusta djupare enn eg gjorde. Kunne det vere astma? Så han sende meg til lungelækjaren rett ved sida av.

Lungelækjaren gjekk gjennom ei lang sjekkliste. Først hadde ho minst eit dusin dråpar på armen min og stakk hol i skinnet gjennom kvar av dei for å sjå om eg var allergisk mot ulike vanlege ting. Eg måtte ta ei pusteprøve der eg bles gjennom eit røyr. Dette synte at eg berre hadde 78% av lungekapasiteten dei venta ut frå alder, kjønn, høgde og vekt. Det er ikkje så lite at eg merkar det i dagleglivet, eg kan til dømes gå opp trapper og slikt, men det er altså så lite at eg ikkje kan snakke høgt og lenge. "Nokon folketalar blir du ikkje" som halslækjaren sa. Etter denne testen pusta eg inn eit pulver som er ein vanleg astmamedisin. Så vart eg intervjua om diverse ting som har med helsa å gjere, særleg om astma og allergi i familien. Eg veit no ikkje alt om det, men eg veit at det ligg litt allergi i slekta, og eksem som eg sjølv hadde i oppveksten, og astma som eg hadde som liten.

No var lungespesialisten heilt sikker på at det var astma eg hadde. Ho fann fram to typar medisin, ein som opnar bronkiane på kort sikt (rundt 15 minutt) og ein som skal redusere astma på lang sikt, ein heilt ny type. Men no tek soga ei litt uventa vending.

Det var ikkje teikn til allergi av noko slag. Og ei ny blåseprøve synte nett det same som den første. Astmamedisinen hadde ikkje hatt nokon verknad på meg i det heile.

Dette gjorde ikkje noko inntrykk på spesialisten, som likevel gav meg resept på desse to medisinane. Eg er på alle andre måtar eit klassisk tilfelle, ser det ut til. Men eg har ein heilt annan teori. Eg trur det er fordi eg no i 45 år har gjort mitt beste for aldri å verte andpusten (fordi det tok meg til randa av grava då eg var liten). Difor har lungene mine aldri utvikla seg fullt ut til det volumet dei vanlegvis har hos menneske som har brukt ungdomsåra til å spele fotball og leike i senga. Eg har vore moderat aktiv, men eg har vore aktiv i sakte kino, alltid litt under der du vert andpusten. Eg går fort, men eg spring ikkje. Eg syklar, men ikkje fort. Eg skyr all konkurranse som pesten, og eg spring ikkje etter jentene.

Eg trur ein grunn til at lækjaren aldri tenkte på dette er at eg ikkje er feit. Menn i min alder er nesten alle feite dersom dei ikkje driv ganske aktiv mosjon. Men sidan eg ikkje kan ete feitt (eller rettare sagt berre nokre få gram om dagen) og går ganske mykje, så ser eg rimeleg slank og sunn ut. "Men det er utenpå", som det heiter i barnesongen.

Skal eg vere ærleg så veit eg ikkje om det er mogleg å trene opp lungene i så høg ein alder. Men eg har tenkt å prøve. Eg har ikkje lyst å gå resten av arbeidslivet mitt på dyre medisinar (sjølv om det er skattepengane våre som betalar det meste) som eg med eigne auge har sett ikkje verkar.