søndag 17. juli 2011

Kor dum eg var då

Det er eit familiehusvære eg leiger her, og det er garderobeskåp både her og der i dei to store soveromma. Men ikkje nok for alle kleda mine. Vel, eg kan nok få stabla inn det meste om eg legg lag på lag, men ikkje alt.

Dette er etter at eg kasta ein sekk med gamle klede då eg skulle flytte...  skjorter som vanta ein knapp eller to, plagg det var slite hol i.  Før det hadde eg kjøpt noko slikt som to plagg på ti år, og kasta meir. Så det er ofselege mengder av klede eg har drege med meg frå heim til heim. Enno har eg nok til eit par tiår til av det aller meste.

For ein tosk eg var då eg var ung! Skal tru om eg vil sei det same om den eg no er, om eg lever 10-20 år til?

torsdag 14. juli 2011

NextGenTel har god tid - har du?

Fekk nett melding frå dei om at montør kjem 20. September. Ringde kundeservice som stadfesta at dette er normalt. Nettsida deira seier 2-3 veker, ikkje månader, so det var litt overraskande. Tenkte det kunne vere greitt å vite for andre som er på flyttefot i sommar.

"NextGenTel - for deg som har god tid!"

onsdag 13. juli 2011

Flytting

Eg har nett flytt frå Møll til Mandal, om lag fem minutt å gå frå rutebilstasjonen.

Huset eg før leigde vart selt, etter di ein ven av eigaren ynskte å byggje ein praktbustad på tomta.

Eg leiger no fyrste høgda i eit større hus, so bustadflata er berre lite mindre. Det er eit godt høve til å kvitte meg med ting eg ikkje har bruk for lenger. Og eg vil gjere meg endå mindre enn som so, i dagane som kjem. Eg har framleis altfor mykje bagasje frå ei tid då eg hadde betre utsikt men lite innsikt.

måndag 9. mai 2011

Å leve i ei engelsk verd

Eg abonnerer på to strøymingstenester for musikk, Svekling og Gjere flekkete.

Dette lagar ikkje nokon sans. Seier eg derimot streaming, Wimp og Spotify, så skjønar i alle fall unge folk kva eg meinar.

Og slik, bit for bit, ord for ord, flyttar tanken vår inn i eit nytt språk. Eg høyrer det på jobb, eg høyrer det på bussen. Eit ord her og eit ord der. Velkomen etter!

Vonar de alle har ein fin 17. mai, om ikkje vi snakkest før!