tysdag 16. mars 2010

Eit iskaldt gufs frå fortida

Det er varmare her i datastova no enn for ein halvtime sidan.  Dette kjem nok ikkje minst av at eg omsider drog den tunge kontorpulten ut frå veggen og fann, i hjørnet bak reolen, ei glipe mellom golv og vegg som ein kunne stikke ein liten finger gjennom.  Vintervinden bles rett inn.  Eg hadde alt tetta fleire mindre gliper i ytterveggane på dette rommet, men den største hadde vore ute av syne.

Du skulle trudd at hus som var bygde ein generasjon eller meir før elektrisk straum kom til lands, ikkje var vidopne for vinteren slik som dette.  (Eg kan framleis kjenne at kald vind bles inn her eg sit no, men mindre enn før.)  Tetta ikkje folk med torv eller noko slikt?  Eg las nyleg at dei hermetisk tette husa no for tida er noko av grunnen til at det er så mykje astma og slikt. Det trur eg ikkje så veldig mykje på.  Eg hadde astma i oppveksten og det var i eit gamalt hus, om enn ikkje fullt så trekkfullt som dette.  Ei meir rimeleg forklaring er at astma er delvis arveleg, og dess fleire pasientar som lever lenge nok til å få born, dess meir vanleg vert det.  Dette er ein god ting.  Men eg har no likevel gjort mitt til å halde talet nede på det viset, kan du sei.


søndag 14. mars 2010

Lukkevitskap

Dersom de har prøvt å kike i den engelske dagboka mi siste året, har de sikkert støytt på uttrykket "Happy Science", lukkeleg vitskap.  Dette er det offisielle engelske namnet no på ein nokså ny japansk religion. I heimlandet heiter han "Kofuku no Kagaku", som meir tyder vitskap om lukke. Inntil nyleg var det engelske namnet "IRH", som var ei forkorting for Institutt for Forsking i Menneskeleg Lukke.

Trass i det vitskaplege namnet er dette så absolutt ein religion.  Grunnleggjaren gjer krav på å vere omlag ein femtepart av guden El Cantare, som ingen har høyrt om før.  Dette er mistenkjeleg praktisk, sidan Ryuho Okawa, grunnleggjaren av religionen, kan starte med blanke ark.  Heilt blanke er dei likevel ikkje, for han nemner fleire andre som óg har vore ein del av El Cantare. Mest kjend er Buddha, og dette gjer at religionen av somme blir rekna som ei buddhistisk sekt.  Du kan ikkje vere så veldig usamd med Buddha dersom du var han i eit tidlegare liv, meir eller mindre. Den greske guden Hermes er óg ein av desse, ikkje spør meg kvifor.  Zeus var ikkje, men han er ein av dei store åndene i den niande dimensjon, saman med folk som Jesus og Newton og Confusius. Ikkje småfolk der altså.  Men El Cantare er den framste av dei, seier Ryuho Okawa, som altså er omlag 20% av El Cantare.

Så langt høyrest det ut som reine skjære toskeskapen, men fullt så enkelt er det ikkje. For denne teologien er berre nokre avsnitt her og der i nokre av bøkene til Okawa.  For det aller meste skriv han om korleis menneskesinnet verkar, og kva ein bør gjere for å bli eit betre menneske og både bli lukkeleg og gjere andre lukkeleg.  Mykje av dette er kjent stoff for meg frå tida mi i Smith's Venner. Det Okawa kallar "sjølv-refleksjon" er mykje godt det same som hine kalla "å døme seg sjølv", og dette er ikkje så deprimerande som det høyrest ut.  Som Bibelen seier, "dømde vi oss sjølve så vart vi ikkje dømde".  Noko liknande ligg i botnen for El Cantare sin filosofi.  Han seier at dersom ein på alvor reflekterer på det ein har gjort feil, så vil desse feila bli sletta or vår personlege historie og i staden vil det bli skrive som vi skjønar at vi skulle ha gjort. Dette gjeld vårt kartotekkort i himmelen, naturlegvis; det er ikkje slik at ein skal la vere å betale gjelda si.

Den første berebjelken i Lukkevitskapen er likevel "kjærleik som gjev", altså ikkje at ein ventar på at andre skal vise kjærleik mot ein men at ein gjer noko for dei utan å vente noko att.  Dette er mykje godt den same tankegangen som vi finn hos Jesus, og det kan vel vere at det er der Okawa har lært det. Kristendomen er lite utbreidd i Japan, men Okawa arbeidde nokre få år i New York og lærte seg engelsk der, så han kan vel har gått gjennom Bibelen medan han var der. Han likte å lese frå ungdomen av.

Grunnen til at vi kjenner Okawa sine lesevanar er at tredje bjelken i religionen hans er Visdom. Han oppfordrar alle til å lese, då helst ting som er skrive av høge ånder - altså heilage skrifter og klassisk litteratur - heller enn kiosklitteratur og underhaldning.  Fjernsyn bør ein vise måtehald med, for det tek altfor mykje tid i høve til kva ein får att for det.  Fjernsyn og film kan vere greitt når ein skal lære om ting ein ikkje har sett før, så får ein sjå korleis dei ser ut, men etter det er bøker betre, då dei er meir konsentrert kunnskap.  Ein bør alltid vere interessert i å lære så mykje som mogleg av sanning, og så tenkje over korleis ein kan gjere nytte av det til å finne opp noko som kan hjelpe andre.  Velvilje er ikkje så veldig til nytte når ein er uvitande.

Fjerde og siste bjelken er Framgang. I alt ein gjer må ein ha for auge at det skal vekse inn i framtida, jamvel etter at vi er borte frå denne verda. Vi må vere fulle av von og mot, men desse skal det helst vere grunn for.  Difor må dei andre bjelkane vere på plass slik at vi har eit solid grunnlag for å byggje noko som varer og veks.  Okawa har tru på at vi kan byggje eit "Utopia" her på jord, ikkje gjennom politisk planlegging men ved at kvar av oss legg vinn på kjærleik, sjølvransaking, visdom og altså framgang. På lang sikt vil han avskaffe Helvete, men det ligg naturleg nok svært langt fram i tid...

Kor som er, eg har lært mykje og forstått mykje betre enn før takka vere bøkene hans. Eg har allereie ein religion, som de veit, og den er for livstid og endå lenger.  Men eg har fått sjå mange ting frå nye sider. Og det er då ein ser djupna i ting, veit du.  Eg vil sei at eg er blitt ein betre kristen og eit betre menneske av å lese og tenkje gjennom bøkene til Okawa, merkeleg nok. Men så skulle det kan hende ikkje så mykje til.  I alle fall ikkje på langt nær så mykje som eg trudde.