laurdag 15. mai 2010

Astma?



Jobben mine er brukarstøtte for programvare og maskinvare. Arbeidet har endra seg litt etter kvart, og etter den siste store omorganiseringa arbeider eg i ei avdeling som får ein god del telefonar. Dette har eg måtta be meg friteken for - for det meste, sjølv om eg hjelper til dersom det er mangel på folk.

Som de veit snakkar eg nesten aldri privat. Dette er eg godt nøgd med. Mange år i denne verda har synt meg at det er sant som det står skrive: "Der det er mange ord, vantar det ikkje på synd." Det meste av det menneska seier er anten "sladder eller sludder". Men når eg no skulle snakke med kundane på jobben, vart eg sår i halsen etter berre nokre minutt kvar dag. Difor gjekk eg til fastlækjaren og fekk der ei tilvising til spesialist.

No den 10. var eg hos øyre-nase-hals spesialisten. Etter vi hadde snakka ei lita stund, sa han at det var ikkje halsen min som var problemet, men måten eg snakka på. Eg snakka altfor lenge på utpusten, sa han. Fordi det ikkje passerte nok luft over røystbanda når eg snakka, måtte eg strame dei meir for å få nok lyd. Dette var grunnen til vanskane mine. Eg kunne gå til ein logoped og lære meg å snakke på rette måten, men det var i seg sjølv mistenkjeleg at eg ikkje pusta djupare enn eg gjorde. Kunne det vere astma? Så han sende meg til lungelækjaren rett ved sida av.

Lungelækjaren gjekk gjennom ei lang sjekkliste. Først hadde ho minst eit dusin dråpar på armen min og stakk hol i skinnet gjennom kvar av dei for å sjå om eg var allergisk mot ulike vanlege ting. Eg måtte ta ei pusteprøve der eg bles gjennom eit røyr. Dette synte at eg berre hadde 78% av lungekapasiteten dei venta ut frå alder, kjønn, høgde og vekt. Det er ikkje så lite at eg merkar det i dagleglivet, eg kan til dømes gå opp trapper og slikt, men det er altså så lite at eg ikkje kan snakke høgt og lenge. "Nokon folketalar blir du ikkje" som halslækjaren sa. Etter denne testen pusta eg inn eit pulver som er ein vanleg astmamedisin. Så vart eg intervjua om diverse ting som har med helsa å gjere, særleg om astma og allergi i familien. Eg veit no ikkje alt om det, men eg veit at det ligg litt allergi i slekta, og eksem som eg sjølv hadde i oppveksten, og astma som eg hadde som liten.

No var lungespesialisten heilt sikker på at det var astma eg hadde. Ho fann fram to typar medisin, ein som opnar bronkiane på kort sikt (rundt 15 minutt) og ein som skal redusere astma på lang sikt, ein heilt ny type. Men no tek soga ei litt uventa vending.

Det var ikkje teikn til allergi av noko slag. Og ei ny blåseprøve synte nett det same som den første. Astmamedisinen hadde ikkje hatt nokon verknad på meg i det heile.

Dette gjorde ikkje noko inntrykk på spesialisten, som likevel gav meg resept på desse to medisinane. Eg er på alle andre måtar eit klassisk tilfelle, ser det ut til. Men eg har ein heilt annan teori. Eg trur det er fordi eg no i 45 år har gjort mitt beste for aldri å verte andpusten (fordi det tok meg til randa av grava då eg var liten). Difor har lungene mine aldri utvikla seg fullt ut til det volumet dei vanlegvis har hos menneske som har brukt ungdomsåra til å spele fotball og leike i senga. Eg har vore moderat aktiv, men eg har vore aktiv i sakte kino, alltid litt under der du vert andpusten. Eg går fort, men eg spring ikkje. Eg syklar, men ikkje fort. Eg skyr all konkurranse som pesten, og eg spring ikkje etter jentene.

Eg trur ein grunn til at lækjaren aldri tenkte på dette er at eg ikkje er feit. Menn i min alder er nesten alle feite dersom dei ikkje driv ganske aktiv mosjon. Men sidan eg ikkje kan ete feitt (eller rettare sagt berre nokre få gram om dagen) og går ganske mykje, så ser eg rimeleg slank og sunn ut. "Men det er utenpå", som det heiter i barnesongen.

Skal eg vere ærleg så veit eg ikkje om det er mogleg å trene opp lungene i så høg ein alder. Men eg har tenkt å prøve. Eg har ikkje lyst å gå resten av arbeidslivet mitt på dyre medisinar (sjølv om det er skattepengane våre som betalar det meste) som eg med eigne auge har sett ikkje verkar.