søndag 28. februar 2010

Flyttedag som domedag



Å flytte er å halde domedag over seg sjølv.

No sa rettnok gamle Ibsen at det var å skrive som var å halde domedag over seg sjølv. Men eg må undrast på om han noko tid sjølv flytte nok innbu til å fylle eit heilt hus.  Det er då du oppdagar kor mykje du eigentleg kunne ha klart deg utan.  Men det er óg då du oppdagar det som heng fast ved deg.

Sist eg flytte var i 2006, på nett same dagen dessmeir. Då kasta eg bokstaveleg talt eit tonn med ting - fleirfaldige store billass - og det var ikkje berre moro å kvitte seg med ting eg hadde hatt mykje glede av ein gong for lenge sidan.  Eg slakta meir enn eitt hundre dataspel den gongen, og tok vare på berre dei eg trudde eg kom til å spele i framtida óg.  Men no var det fire år sidan, og dei fleste hadde eg ikkje eingong sett på.  Eg hadde ikkje opna skuffa dei låg i.  Så eg kasta dei fleste av dei, sjøl om eg denne gongen óg tok vare på somme.  Eg har ei kjensle av at dersom eg lever til å flytte ein gong til, vil eg framleis ikkje ha sett på dei fleste av desse.

Det var på same måten med teikneseriar og bøker.  Frå byrjinga av november 2005 og fram til eg flytte, bar eg nesten dagleg med meg ein plastpose med bøker eller blad til bruktbokhandelen. Likevel hadde eg ei bokhylle full med bøker og to kartongar med teikneseriar som eg rekna for sikkert at eg kom til å lese der eg kom.  Eg har berre lese nokre få av dei.  Fram til denne flyttinga har eg teke med meg nokre bereposar att, men det er enno mange att som eg lurer på om eg kjem til å lese nokotid.  Eg har difor teke med meg somme til byen sjølv etter at eg flytte, medan minnet om å bere dei i kassevis framleis er friskt i minne.

Så var det desse datamaskinene då.  Eg har fleire av desse som er så gamle at eg ikkje ville ha brukt dei sjølv om dei virka som dei skulle.  Men eg har ikkje hatt hjarta til å kaste dei, eller det har ikkje høvd seg slik. Eg har tre av desse, og to som er framleis ganske gode men som treng å reparerast.  Eg har tinga ei ny straumforsyning som eg trur vil vere nok til å få den eine i stand att. Det er faktisk den beste maskina eg har i huset - om ho berre ville virke...  Men dei tre gamle, og dei to berbare som skjermen er gåen på og garantien er gått ut, dei kunne eg godt vere forutan. Elles har eg gamle tastatur, fleire enn eg har maskiner, og batterieliminatorar som ikkje eg veit kva er til lenger.  Så det er rom for meir opprydding.

I det minste er eg kvitt dei mangfoldige bereposane med CDar som eg hadde kjøpt frå 80-talet og framover.  Eg har framleis eit CD-stativ, men det er berre nokre japanske CDar der.  Alt anna er kasta, men eg rippa dei til harddisken først.  Om eg vil kan eg høyre dei både heime og på jobben, ved å peike nettlesaren min til http://trine.itlandm.operaunite.com/media_player/. Hendig.  Men dei fleste av platene var det berre ein eller to gode songar på, og dessutan har min smak endra seg ein god del over åra.  Så det er ikkje mykje eg lyttar til dei.

Men det er altså likevel svære mengder jordisk gods eg har dragsa med meg.  Og lat oss ikkje gløyme dei tallause plagg eg kjøpte, for det meste då eg gjekk saman med Henriksen-jentene. Eg har slite ut berre nokre få av plagga i mellomtida, og då mest dei det var få av, naturleg nok. Det er berre nokre få bukser som passar meg, sidan dei fleste var kjøpte då eg var tjukkare, nokre rett gamle nokon då eg var tunnare.  Dessutan er somme berre til sommarsbruk. Men eg har framleis skjorter eg ikkje eingong har pakka opp.  Samla meg skattar på jorda, der Møll og rust et dei opp?  Vi får sjå korleis det går.  Men det blir nok ikkje mange skjortekjøp dei neste åra heller.

Og med dette endar eg endå eit tarvlaust brev.


onsdag 24. februar 2010

Ei raud lita stove


Slik ser huset ut frå vegen. Problemet er, som du ser på dette biletet, at vegen er ikkje der. Han er snødd ned.  Han vart rett nok brøyta nokre minutt før vi var ferdige med å flytte inn, men snødde att eit par dagar seinare. Vegen kryssar ein bø som ligg i enden av ei lang rekke bøar, så vinden får godt tak og tek med seg snø til å viske ut vegen med.

Men hus er der.  Det du ser i framgrunnen er uthuset. Der er veden lagra, og eg kan trøyste deg med at det er rikeleg med ved.  Elles er uthuset i bruk av huseigaren til å lagre ting.

Sjølve huset er nokså lite og sikkert meir enn hundre år gamalt.  Det minner meg om huset eg vaks opp i heime på Fossheim, men er litt annleis i det at kvart rom har golv i ei eiga høgd. Så når eg går frå eitt rom til eit anna, går eg anten eit lite steg ned eller opp.  Ja, det gjeld ikkje fullt alle rom - gongen og vindfanget er på same høgd og heimekontoret (som før var eit soverom) er berre litegrann høgare, og kjøkenet er jamhøgt med stova.  Dei to er halvvegs eitt rom, for det er ei døropning mellom dei men inga dør og ikkje hengsler for dør; det er meint å vere ope. 

Huset er nyleg renovert, i alle fall første høgda.  I stove og kjøken er både golv og vegger nye, i heimekontoret er i alle fall golvet nytt medan veggene ser ut til berre å vere målt over.  Av einkvan grunn er det ei lita glipe mellom golvet og eine veggen som skil heimekontoret frå uthuset.  Sidan uthuset sjølv har ganske gisne vegger, bles nordavinden beint inn der.  Eg tetta til med ei fille, det var iskaldt på føtene i den kulda vi hadde no i vinter.  No var dette rommet frå først av laga til soverom, og det kan vere folk flest likar å ha det kaldt når dei søv, men eg tvilar på at dette var med vilje gjort.  Då kunne det vore laga annleis, med ein ventil.  Det er nok heller slurv.

Men for det meste gjer huset tena.  Det er ikkje særleg isolert i andre høgda, men første høgda held varmen ganske godt når ikkje det er ovkaldt slik det var somme tider i vinter.  Veggene er tjukke, truleg er det tømmervegger som er kledde innvendig og utvendig, men om dei er isolerte utanom det kan eg ikkje sei.  Trur gjerne det, men kulden kjem til dels frå at huset har tre dører ut.  Ja, den eine er no til uthuset, men der er det like kaldt som ute.

Eg har framleis ikkje pakka opp alt og sett på plass.  Men det er ei anna soge.  Kan hende eg skal fortelje om flyttinga ein annan gong?


måndag 22. februar 2010

No med tarvlaus dryging!



Sidan eg ikkje vart buande på Nodeland livet ut, tykte eg det var på tida å gjere ende på Kaosnodeland dagboka óg.  Dessutan ønskjer eg å skilje dei politiske postane i eit eige forum.  Eg har rettnok ikkje gjort det i den engelske dagboka, sjølv om eg har eigne kategoriar der. Men her trur eg det kan vere lurt. Difor er alt av politikk og samfunnsliv frå no av å finne i "Møllspiste meninger" - på bokmål, så sjølv dei einfaldige skal kunne lese det.  Denne dagboka derimot er om meg og mitt.


Som namnet seier skulle det eigentleg ikkje vere bruk for ei eiga dagbok på norsk.  Hadde Google Translate levt opp til vanleg Google standard, kunne de ha lese The Chaos Node på norsk.  Men det har synt seg å vere vanskeleg.  Og det er likt til at ikkje fullt alle som kjenner meg skjønar engelsk på høgskulenivå, av ein eller annan grunn.  Så eg vil prøve å skrive eit og anna brev her, til dei som måtte ønskje å lese det.  Eg tenkjer då helst på slekt og kan hende gamle vener, men er det andre som har så mykje tid til overs at dei vil lese om ein halvgamal mann som ikkje har sex, så for all del. "Folk e' løgne" som dei seier borti Rogaland. 

Namnet på dagboka har sjølvsagt lag på lag med meining.  Det er eg som seier det, trass alt. De veit kor djup eg er.  ^_^  Først og framst er det altså dette at det skulle ikkje ha vore bruk for ei eiga dagbok på norsk.  Dinest ville eg ha eit namn som ikkje var i bruk og aldri kom til å vere i bruk av andre.  Eit gamalt ord på eit døyande språk er ein god start.  Særleg sidan ordet "tarvlaus" er mest berre brukt i lovverket, og då helst i "utan tarvlaus dryging", som omsetjing for "uten unødig opphold". Det er ikkje noko minus om folk assosierer "dryging" med meg heller, for det å dra på foten, å hale ut og vente til siste liten er noko som kjem naturleg til meg, trur eg.

Men no har det altså drygt lenge nok med dette.